Back to all jobs
V

Fag- og kvalitetsansvarleg - ECIT Services AS

visere

Førde2mo ago

About the role

ECIT Services AS søkjer ein erfaren og engasjert fag- og kvalitetsansvarleg som ønskjer å ta ansvar for vidareutvikling av faglege rutinar og kvalitet i våre leveransar. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og høve til å påverke korleis vi jobbar - både internt og i leveransane til kundane våre.

Vi har kontor i Førde og Florø, og er lokalt ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet vårt Progresso AS. Til saman er vi om lag 26 medarbeidarar i regionen. Trivsel, samspel og fagleg kvalitet står sentralt hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der det er rom for både ansvar, utvikling og balanse i kvardagen.

Auka aktivitet og stadig meir komplekse leveransar gjer at vi no ønskjer å styrkje laget med ei dedikert rolle for fag og kvalitet. Vi ser etter deg som trivst i ei fagleg rolle med ansvar, og som ønskjer å vere ein støttespelar for kollegaer og kundar, samstundes som du bidreg til vidare utvikling av kvalitet og beste praksis i avdelinga.

Kontorstad: Førde eller Florø.

Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som fag- og kvalitetsansvarleg vil du ha ansvar for å vidareutvikle og følgje opp kvalitetsstandardar og faglege rutinar i leveransane våre, og bidra til kontinuerleg forbetring.

Du vil samarbeide tett med kollegaer på tvers av verksemda for å identifisere forbetringsområde og setje i verk tiltak som styrkjer kvalitet og effektivitet. Vidare vil du halde deg oppdatert på relevant regelverk innan rekneskap, skatt og avgift, og bidra til at leveransane våre er i tråd med gjeldande krav.

Sentrale oppgåver:

  • Fagleg rettleiing og støtte til kollegaer og kundar

  • Ansvar for faglege rutinar og oppfølging av kvalitet i leveransane

  • Kvalitetssikring av løpande arbeid, rapportering og avsluttande oppgåver

  • Utarbeiding og kvalitetssikring av skattemelding og årsrekneskap, eventuelt konsernrekneskap

  • Bidra til vidareutvikling av leveransar, tenester og interne arbeidsprosessar

  • Deltaking i fag- og kvalitetsgruppe i selskapet, med moglegheit for involvering i utviklingsprosjekt, rutinar og kvalitetsarbeid på tvers av ECIT-konsernet

  • Handtering av meir komplekse kundecase og faglege problemstillingar

Dette kan vi tilby deg

I ECIT Services får du høve til å bruke den faglege kompetansen din i ei rolle med tydeleg ansvar og reell påverknad. Du vil arbeide tett på både kollegaer og kundar, og vere med på å utvikle kvalitet, rutinar og leveransar i eit kompetansemiljø som legg stor vekt på fagleg styrke og samarbeid.

Vi satsar på moderne, effektive og digitale løysingar, og ønskjer å liggje i forkant når det gjeld både fag og arbeidsprosessar. Hos oss får du konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der trivsel, kultur og balanse mellom arbeid og fritid blir teke på alvor. Som medarbeidar i ECIT Services får du òg tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og faglege nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.

Kven er du?

Som person er du trygg i faget, strukturert og engasjert. Du trivst med ansvar og likar å dele kunnskap, rettleie andre og bidra til høg kvalitet i arbeidet som blir levert. Du arbeider sjølvstendig, men set òg pris på samarbeid, og tek initiativ når du ser moglegheiter for forbetring eller vidare utvikling.

Vi ser for oss at du har:

  • Erfaring innan rekneskap, revisjon og/eller økonomisk rådgiving

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon, til dømes siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • God kjennskap til regelverk innan rekneskap, skatt og avgift

  • Evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte

  • God systemforståing og tryggleik i bruk av digitale løysingar

  • Trivsel med kundekontakt og ei rådgivande rolle

  • Ei delingsorientert haldning og ønskje om å bidra til eit sterkt fagmiljø

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:

Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om selskapet:

ECIT Services AS er ein del av ECIT-konsernet - eitt av Nordens største teknologi- og økonomihus. ECIT har over 3000 medarbeidarar og ei årleg omsetning på om lag fire milliardar kroner. Konsernet leverer tenester innan rekneskap, løn, rådgiving, IT og forretningsløysingar, samla på éin stad for å gjere kvardagen enklare for kundane våre.

Lokalt i Florø og Førde er ECIT Services ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet Progresso AS. Her finn du engasjerte fagpersonar som samarbeider tett, deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi legg stor vekt på kvalitet, trivsel og balansen mellom arbeid og fritid.

ECIT vart etablert i 2013 og har hatt sterk vekst sidan oppstarten. I dag har konsernet verksemd i mellom anna Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Tyskland, Polen og Storbritannia. Trass i storleik og vekst er vi opptekne av lokalt nærvær, entreprenørskap og eigarskap. Kulturen vår er bygd på verdiane integritet, mot, open kommunikasjon og entreprenørskap. Desse verdiane pregar måten vi jobbar på – både internt og saman med kundane våre – og fungerer som ei rettesnor i kvardagen.

755,000+ hidden jobs like this

visere and thousands of companies post here first — often days before LinkedIn or Indeed. Your first 5 applications are free; go Pro to apply without limits.

Everything Pro unlocks:

  • Unlimited applications — free stops at 5
  • Track every application in one place
  • Apply straight to the source, one click
  • Save & organize roles you love
  • Roles pulled from company boards before the big sites

Weekly

$9.99
$4.99/week

For an active search. Cancel anytime.

Most popular

Monthly

$24.99
$12.99/month

The smart pick. Save 35% vs weekly.

Lifetime

$99
$49.99once

Pay once. Every future feature, forever.